Foto

SJÅ MEIR: PORTEFØLJE


EVENT

Når folk besøker heimesida di eller legg deg til på sosiale mediar, er det visuelle det mest slåande førsteinntrykket.

Med personlege og eigne bilete kan de ta kontroll over dette inntrykket og skapa ein god forbindelse frå første stund.

Eg har mange års erfaring som frilansjournalist og er difor god på den dokumentariske stilen. Perfekt til å fanga augneblinkane frå eventar, konsertar, konferansar, bursdagar og liknande.

Eg brukar mest mogleg naturleg lys, for å få fram  ein rein og autentisk stemning.

Dersom dette høyrest interessant ut må de gjerne ta kontakt!

 

PORTRETT 

I dagens teknologiverd har alle tilgong på ein smartphone og har sikkert hundrevis av «sjølvportrett» eller selfies, som me kallar dei. Kvantitet er likevel ikkje det same som kvalitet, og det er kanskje ikkje desse bildene du vil bruke når du treng eit portrett?

Ei portrett-økt kan vera perfekt til mange anledningar: CV, LinkedIn-profilen, Facebook, i profesjonelle augnemed eller kanskje berre for å pussa opp Tinder-profilen litt?

Uansett. Klassiske, tidlause portrett er noko som aldri blir feil. Kanskje er det desse borna dine ein gong vil visa sine born, når dei stolt forteller om deg. Kanskje er det nettopp dette biletet som gjer siste susen i jakta på draumejobben? Eller kanskje er det det som skal til for å få draumejenta til å sveipe til høgre?

Ei portrett-økt tek 15-30 minutt. Eg likar best å fotografere ute, for å få naturleg lys og autentisk stemning i bileta.

 

FAMILIE

Ta tida til å foreviga dei små augneblinka de alltid vil hugsa. Samlast for fine familiebilete, kjærastebilete, søskenbilete og kanskje portrett av alle?

Eg likar best å fotografere ute, for å få naturleg lys og autentisk stemning i bileta. Eller kanskje i heimen, så blir det ekstra ekte?

 

KONFIRMANT

Konfirmasjonsdagen er ein milepæl i livet, og ein av dei første store hendingane. I familiealbumar er det alltid konfirmasjonsbilete som får ein til å mimre og kanskje le av velourdressen frå 70-talet. Desse minna vil framleis vera like viktige for framtida, og etterkommarane dine.

Med konfirmant-fotografering får du fine bilete til takkekorta og eit tidsavtrykket for livet. Dersom du ynskjer kan me kombinera økta med finstas og etterpå meir lausslupne bilete. Har du eit kjæledyr eller ein hobby du vil ha med på biletet, ordnar me sjølvsagd det også.

OBS: Ynskjer du bilete frå heile dagen? Ta kontakt så set me saman ein pakke (event+konfirmant)

SJÅ MEIR: PORTEFØLJE