Om meg

Ingvild A. Eide

Eg er ei 25 år gamal jente som fortida er praktikant i NRK Hordaland, i samband med opplæringa på NRK Nynorsk mediesenter.

Før dette har eg i fleire år frilansa og vore sommarvikar for lokalavisa Sunnhordland, heime på Stord. I Bergen tok eg ein bachelor i historie, og skreiv bacheloroppgåva i kvinne- og kjønnshistorie.

Elles brukar eg fritida på song, musikk, podcastar, reising, kino, skriving, design og fotografering.

FOTO

Stilen min er naturleg og eg brukar helst kun naturleg lys. Redigeringa ber og preg av dette, og eg prøver å halda det så naturleg som mogleg. Har du spesielle ynskjer på dette, kan me sjølvsagd prata om det.

Eg har likt å ta bilete så lenge eg kan hugsa, og då eg endeleg fekk råd (med hjelp frå familie og konfirmasjon) kjøpte eg mitt fyrste eige kamera. Eit speilreflekskamera til og med! Eg las alt eg kunne finna av tips og triks, såg youtube-filmar og øvde og øvde. Sjå meir bilete her: Flickr

Eg har óg erfaring som skulefotograf hos Fovea. Her tok eg fleirfoldige portrett og gruppefoto, kvar einaste dag.

Instagram: @fotografIngvild

Facebook: Fotograf Ingvild Eide

TEKST

Eg elskar å skrive, og som barn ynskte eg meg eigen datamaskin i mange år utelukkande for å kunne skrive og skrive. I over sju år har eg frilansa for Bladet Sunnhordland. Der starta eg som frilansjournalist innanfor kultur, men har fått vera med på svært mykje ulikt gjennom åra og arbeidd som sommarvikar og vikar elles.

No er eg praktikant i NRK Nynorsk mediesenter, og har lært endå meir. Og fått endå meir lyst til å halde fram med dette.

Eg har óg skrive litt for Framtida.no.

DESIGN

På fritida putlar eg ofte med litt smått design og likar aller best å laga personlege design som kan brukast som gåver til seg sjølv eller andre.

Eg lagar óg enkle heimesider for folk, som er enkle for dei å oppdatera sjølv.

Sjå meir på Instagram: @moldvarpdesign.